Ny jobb, nye moglegheiter!

Det er berre nokre månader sidan gladmeldinga om at eg skulle drive Ulstein Media på fulltid. Det er veldig kjekt, men av denne grunn òg litt vemodig, å melde at eg har fått fulltidsjobb i kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller i Oslo.

I juni og juli byrja ballen å rulle farleg fort, og 1. august var første arbeidsdag i B-M. Så langt trivast eg veldig, og mange spennande oppgåver ligg føre.

Men kva betyr det?

Kapasiteten i Ulstein Media er sterkt redusert, og eg tek ikkje imot nye kundar. Deg som er kunde frå før vil eg hjelpe som før dersom jobben ikkje er for stor. For større oppdrag og nye prosjekt har eg mange partnarar på Sunnmøre eg kan anbefale, og eg vil hjelpe deg til å gjere overgongen så smidig som råd. Vi kan òg finne ei gunstig avtale for å bruke meg som konsulent gjennom Burson-Marsteller, dersom det høver for prosjektet ditt.

Pågåande oppdrag vil i regelen halde fram som planlagd, men eg håpar dykk er tolmodige med meg i denne overgangsperioda.

Så er dette slutten?

Eller byrjinga, som eg òg likar å kalle det. Dette er uansett eit godt høve til å takke alle som har takka ja til å jobbe med meg, heilt frå den vaklande etableringa i 2011, via fulltidssatsinga i mars i år, og fram til i dag! Uten dykk hadde eg – garantert – ikkje vore der eg er i dag.