OceanFjord

OceanFjord AS tilbyr ei oppleving litt utanom det vanlege – dei lèt deg hoppe i havet og suse gjennom Skodjestraumen rett over eit unikt dyre- og planteliv.

Vakkert både over og under overflata. Foto: OceanFjord.

Vakkert både over og under overflata. Foto: OceanFjord.

OceanFjord var del i eit VRI-prosjekt saman med Møreforsking og Høgskulen i Volda for å kartleggje livet i Skodjestraumen. Eg var først med i studentgruppa frå Høgskulen i Volda som jobba med analysearbeid og strategi for vidare kommunikasjonstiltak.

Les Sunnmørsposten si dekning av prosjektet!

Som ei vidareføring av dette fekk Ulstein Media jobben med å redesigne nettstaden til OceanFjord i samsvar med arbeidet til studentgruppa.

Skodjestraumen ligg inst i Ellingsøyfjorden. Akkurat her snevrast fjorden inn, slik at det blir trangt om plassen når alt tidevatnet skal inn og ut.

Vatnet får stor fart, og med tørrdrakt og snorkel er det morosamt å suse med vatnet gjennom straumen. I tillegg finn du eit imponerande artsmangfald under overflata, på grunn av næringsstoffa som vatnet fører med seg.

Likar du det du ser?

Sjå kva eg kan tilby