Remøy Shipping

Remøy Shipping er eit reiarlag med base i Fosnavåg, Møre og Romsdal. Våren 2016 har eg samarbeida tett med dei for å lage ein nettstad med forankring i organisasjonen sine verdiar.

For å bli kjend med verksemda fekk eg ein felttur på eitt av forsyningsfartya deira for å snakke med tilsette og fotografere. Dette gav verdifull innsikt som eg kunne ta med meg vidare i arbeidet.

Vi ynskja å differansiere oss frå konkurrentane ved å fokusere på menneska som utgjer verksemda, og ikkje båtane. Dette blir spegla i tekst og biletbruk.