Topp Trening

Topp Trening AS har tilbydd kundane sine trening av topp kvalitet sidan oppstarten i 2007. I 2014 ynskja dei å finne ut korleis dei kunne gje eit endå betre treningstilbod til kundane. Eit marknadsprosjekt leia av Saga Media Service har ført til viktig innsikt og positive resultat.

Topp Trening ynskja blant anna å styrke markedsposisjon og kundelojalitet. Kommunikasjonsarbeidet tok føre seg kartlegging av kunden sine målsettingar, noværende posisjon i marknaden og vurdering av profilering i fysiske og digitale kanalar. Den skriftlege rapporten presenterte så strategi med tiltak som vil hjelpe kunden til å nå sine mål. Ulstein Media og Sunniva Lund Osdal gjennomførte undersøkinga blant kundar og tilsette, og analyserte utfordringane for Topp Trening.

Om lag 150 kundar svarte på undersøkinga på papir og nett. Dette arbeidet resulterte i ein 40-siders marknadsrapport med analyse av korleis kundane vurderer selskapet, treningstilbodet og leiinga. Tilbakemeldingane var gjennomgåande positive, men med fleire konstruktive forslag til betringar.

topptrening_2

Utklipp frå Facebook-sida til Topp Trening.

I prosjektet analyserte vi òg Topp Trening sine aktivitetar i sosiale medium og sammenlikna denne aktiviteten med konkurrentane sine aktivitetar. Analysen gir godt grunnlag for vidare bruk av sosiale medier. Ved sidan av regelmessig kommunikasjon om treningstilbodet er engasjement eit viktig stikkord.

Designer Ingvild Mork i Pen & Pixel AS har vore ein del av prosjektet, og har fornya selskapet sin visuelle profil. I tillegg til ny logo er det utarbeida ei profilhandbok, grafikk til dekorasjon av lokala, samt malar for utforming av dokument og annonser.

Dagleg leiar Trude Flø Johnsen hjå Topp Trening er svært glad for at dei tok grep når det gjeld innsikt i eiga forretningsdrift og posisjon i marknaden.

– Dette arbeidet gir oss meget godt grunnlag for vidare satsing på treningstilbodet vårt. Vi ser òg eit klart potensiale for nye og spennande tilbod innan trening og livsstil.

topptrening_3