VRI Møre og Romsdal

VRI (Verkemiddel for regional innovasjon og FoU) har dei siste ti åra kopla små og mellomstore verksemder til forskarmiljø for å samarbeide om innovasjon.

Med stønad frå VRI har 175 forskjellige prosjekt vore starten på utvikling og fornying av produkt, prosessar og marknader for verksemdene som er involvert.

PR-studentar ved Høgskulen i Volda fekk i oppgåve å lage kortfilmar og artiklar for å vise nokre få av resultata som har kome ut av VRI-prosjektet.

Eg har laga ein plattform for å vise fram desse filmane og artiklane, og samtidig heldt gjesteførelesingar for studentane undervegs i prosjektet, relatert til webutvikling og forløpet i webprosjekt.