PRprat i 2017

I år har eg skrive tre blogginnlegg for bransjebloggen PRprat. Her skriv folk frå alle kantar av kommunikasjonsbransjen om det dei kan best, og eg har skrive om digital kommunikasjon.

Ill: Benjamin Ulstein

Det første innlegget gir deg fem kjappe tips til måtar du kan optimalisere det digitale arbeidet ditt på før fredagstacoen står på bordet.

Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal byrje, men her får du råd til korleis du tek eigarskap til Google-søket for verksemda di, korleis du kan planleggje brukarreisa for nettstaden din, korleis du kan nytte Google Analytics på ein betre måte, og korleis du kan A/B-teste ulike bodskapar på ulike plattformar.

Les Fem digitale grep du kan gjere før fredagstacoen

Foto: Alan King/Pexels

Det andre blogginnlegget gir konkrete tips til deg som handterar verksemda sine kontoar i sosiale medium i sommarferien. 

I dette innlegget oppmodar eg til å lage ein redaksjonsplan og ha tydelege føringar for kva innhald som skal publiserast, til kva tid, og kven som har ansvar for det.

Eg slår eit slag for kundeservice frå rivieraen, og halde jernet varmt heilt til den kalde vinteren kjem.

Les Slik held du koken på sosiale medium i sommarferien

Foto: Pixabay

I årets tredje og siste innlegg delar eg korleis eg held meg oppdatert i informasjonsoverfloden, og oppmodar folk der ute til å prøve nye ting sjølv om dei aldri har gjort det før.

Eg slår eit slag for “svennar av alle laug” – som godt skildrar den mangefasetterte kvardagen til mange kommunikatørar.

Les -Spør meg igjen i morgon!