Ulstein Media

Sidan 2011 har eg jobba på og med internett for kundar i mange ulike bransjar. Den digitale tidsalderen har gitt oss nye moglegheiter og verkty, men i botnen handlar det om det same: å treffe målgruppa med den rette bodskapen.

Ved sidan av skule og seinare studiar har eg jobba for ei rekkje kundar på Sunnmøre. Våren 2016 tok eg eit sprang og byrja fulltid som sjølvstendig næringsdrivande. Det varte imidlertid ikkje så lenge, for frå 1. august fekk eg jobb som konsulent hjå Burson-Marsteller i Oslo.

Det vil seie at eg ikkje lenger tek på meg oppdrag gjennom Ulstein Media. Eg vil sjølvsagt hjelpe deg som har vore kunde tidlegare, og eg tek òg på meg oppdrag gjennom Burson-Marsteller. Ta kontakt for å ein prat, så finn vi ei løysing.

Send meg ei melding eller ring 45 45 96 61

"Samarbeidet med Ulstein var svært positivt, både faglig og kommunikasjonsmessig. Han leverte tilfredsstillende løsninger innenfor angitte frister. Vi i NSU er godt fornøyd med nettsiden og håper vi kan videreutvikle den på sikt." –Nordisk Sommaruniversitet 1/3
"Vi i Norwegian Animation Center er godt fornøyd med design og utviklingen av vår nettside. Både faglig og kommunikasjonsmessig var samarbeidet med Benjamin Ulstein og Ulstein Media svært positivt. Dette firmaet kan vi anbefale videre." –Norsk Animasjonsentrum 2/3
"Vi har berre godord å kome med kva gjeld Ulstein Media. Rask, effektiv, kundevenleg og god dialog. Dette firmaet kan vi trygt anbefale vidare." –KFUM Volda 3/3


Andre kundar

Eg har i tillegg jobba med webutvikling, prosjektleiing, fotografering, tekstforfatting for ei rekkje ulike kundar. Her er eit utval av desse: